
Seinsommar
Del på FacebookI dag, mellom regnbygene, hausta eg sommar-gulrot frå pallekarmen. Dei vart sådd i 1 liter mjølkekartongar, og stod i ein plast kasse til dei hadde fått 10 - 15 cm lauv. Så skar eg bort botn av kartongane, og sette dei ned i pallekarmen. No er det blitt flotte gulerøtter. På bildet ser du gulerøtter frå 5 kartongar. Dei to bakerste har eg nok plukkhausta frå, då det er færre gulerøtter i desse buntane.