TV 2 Play
Min konto
Stille før Stormen...
Dette biletet tok eg under langturen til klassa mi på Øytun Folkehøgskole i april, på veg ut til Knivskjelodden - nord-Europas nordlegaste punkt på fastlandet. Me gjekk på ski, og veiret tjukna til. Plutseleg letta snøveiret, og ute i havet reiste denne veggen seg mot oss - lik som om ein kjempe hadde skore med kniv og tatt eit stykke ut av snøstormen.

Eg var ikkje sein med å fange dette magiske augeblikket med kameraet mitt, som resulterte i det beste biletet eg har tatt so langt i mitt liv.
Ynskjer alle og einkvar ein riktig god julefeiring!
 Gi din stemme!