Litt vel mye - naturlig bilvask. Me bur i eit område som fleire gonger har vore ramma av ekstremnedbør, der ein har fått flomskader på eigedom og bygningar. Kommunen og NVE har lagt ned mange millionar i flomsikring. Kvar gong det kjem ekstremvær er det med hjerta i halsen me følger med. Bildet er frå ei byge i slutten av juli 2013. Takrennene klarte ikkje å svelge, og vatnet stod som ein foss ut i frå taket.Sandeid ligg ca 12 km frå Nedre Vats der det var mest nedbør i dag - 7.mars.