Store nedbørsmengder har ført til kraftig flaum på Vestlandet. Mange vegar er stengde, og det er fleire som er evakuerte frå husa sine. Det er skummelt når naturkreftene herjar på denne måten, men det er fascinerande også.

I går ettermiddag tok Andreas (7), Ida (6) og Ingrid (1,5) turen til Odda Camping, og testa det nye "utandørsbassenget" der. Med all respekt for dei som er råka av flaumen, lot vi oss likevel glede over å kunne herje og plaske i dei store dammane.